For 200 år sidan var det ikkje verdas enklaste oppgåve å frakte brev og spreie nyheiter til ei såpass spreidd befolkning som vi hadde i Noreg. Den trondhjemske postvei var ei viktig ferdselsåre for post og informasjon, og knytte landet tettare saman. I dag har vi langt meir avanserte og effektive metodar for kommunikasjon, og postvegen har fått ein annan funksjon. Likevel er historia og verdien til vegen framleis verdt å formidle. I vårt prosjektarbeid vil vi bidra til å gjere Den trondhjemske postvei meir kjend. Til det skal vi blant anna bruke ei litt meir moderne form for kommunikasjon, nemleg Instagram.
Kvifor arbeider vi med postvegen?
Postvegen har gjennom historia hatt stor bruksverdi, men i dag ligg ikkje verdien lenger i frakt av post. I staden finn vi han i kulturmiljøet, dei gamle handverkstradisjonane og dei mange forteljingane langs vegen. Samtidig er postvegen ein stad der folk kan gå tur og oppleve historia i sitt eige nærområde. Desse verdiane skal vi vere med på å synleggjere. For at folk skal setje pris på og bruke postvegen, må dei først vite at han finst, og kva han har å tilby. På denne måten kan kommunikasjon også bidra til det prosjektet omtalar som «bevaring gjennom bruk».
Postveiprosjektet har inngått eit samarbeid med Høgskulen i Volda, der vi frå studieretninga PR, kommunikasjon og media får moglegheit til å bidra med kommunikasjonsarbeid for Den trondhjemske postvei. Vi er fem studentar: Jack, Hannah, Tobias, Ingrid og Maiken. Saman skal vi arbeide med strategisk kommunikasjon for prosjektet. Det gir oss høve til å bruke det vi lærer i studiet, på ei konkret oppgåve med ein faktisk oppdragsgivar.
Kven er vi?
Postveiprosjektet har inngått eit samarbeid med Høgskulen i Volda, der vi frå studieretninga PR, kommunikasjon og media får moglegheit til å bidra med kommunikasjonsarbeid for Den trondhjemske postvei. Vi er fem studentar: Jack, Hannah, Tobias, Ingrid og Maiken. Saman skal vi arbeide med strategisk kommunikasjon for prosjektet. Det gir oss høve til å bruke det vi lærer i studiet, på ei konkret oppgåve med ein faktisk oppdragsgivar.
Vårt arbeid
Då vi ved semesterstart fekk utdelt prosjektet vårt, såg vi i gruppa på kvarandre som spørsmålsteikn. Kva var eigentleg Den trondhjemske postvei? Denne første reaksjonen viste noko av behovet for arbeidet vi skulle ta fatt på. Postvegen er eit viktig kulturminne, men historia og moglegheitene langs han er ikkje nødvendigvis kjende for alle. Vi starta altså samarbeidet på relativt bar bakke. Første steg var å bli kjende med vegen, prosjektet og kva oppdragsgivaren ønskjer å oppnå. Etter kvart som vi har opparbeidd oss meir kunnskap, har vi også fått ei betre forståing av kva vi kan bidra med.
Arbeidet vårt handlar derfor om meir enn å lage innlegg på Instagram. Vi må finne ut kven vi ønskjer å nå, kva dei kjenner til frå før, og kva som kan gjere postvegen interessant for dei. Dette skal danne grunnlaget for innhaldet vi lagar, og måten vi formidlar det på. Gjennom bilete, film og forteljingar vil vi vise fram både historia og korleis postvegen kan brukast i dag. Vi ønskjer å gjere folk nysgjerrige, anten dei er interesserte i kulturhistorie, ser etter ein ny tur eller vil bli betre kjende med nærområdet sitt.
Ein gammal veg i ein ny kanal
Det er eit langt sprang frå postveska til Instagram. Likevel er det ein samanheng mellom det vegen vart brukt til før, og det vi skal arbeide med no: å formidle informasjon og knyte folk saman. Vi håpar arbeidet vårt kan bidra til at fleire får auga opp for Den trondhjemske postvei, og kanskje får lyst til å oppleve han sjølve. For sjølv om eit bilete eller ein film kan vekkje interesse, er det først når ein tek vegen i bruk, at ein verkeleg får oppleve kva han har å tilby.