Stort engasjement for postvegen
I tre år har Nasjonalt postveiprosjekt arbeidd med å synleggjere verdien av Den trondhjemske postvei som kulturmiljø, løfte fram historiene langs vegen og leggje til rette for at fleire tek lokale postvegstrekningar i bruk. Samtidig har vi arbeidd med å skape aktivitet og lokal verdiskaping med utgangspunkt i postvegen.
Nasjonalt postveiprosjekt nærmar seg avslutninga etter tre år med stor aktivitet langs postvegen. No ønskjer vi å vise fram noko av det som er skapt, dele erfaringane vi har gjort oss og sjå på kva vi kan ta med oss i det vidare arbeidet med postvegen.
Formidlingsseminaret er særleg retta mot alle som har delteke i eller bidrege til postveiprosjektet, men er digitalt og ope for alle som er interesserte i postvegen, kulturarv, lokal utvikling og formidling.
Tre digitale seminar 2. desember
Hald av 2. desember. Då inviterer vi til tre digitale seminar. Du kan følgje alle tre eller velje den eller dei delane du er mest interessert i.
Klokka 08.30–10.00: Korleis skape nye aktivitetar langs postvegen?
Kva skjer når lokale aktørar går saman om å utvikle postvegen? Vi viser resultat frå lokale prosessar der deltakarane har jobba saman etter ein metodikk som vi kallar samskaping. Vi deler også erfaringar med korleis slikt samarbeid kan skape nye aktivitetar, opplevingar og lokal verdiskaping.
Klokka 10.30–12.00: Korleis få fleire til å ta postvegen i bruk?
Langs postvegen er det rydda, skjøtta og skilta, og lokale aktørar har sett i gang ei rekkje tiltak. Vi viser kva som er gjort, kva det har ført til og kva vi har lært om korleis relativt små tiltak kan utløyse lokal aktivitet og engasjement.
Klokka 13.00–14.30: Korleis gjere postvegens historie levande?
Korleis kan film, historieforteljing og ny kunnskap gi oss nye inngangar til postvegen? Gjennom Kulmin, samarbeid med Høgskulen i Volda, arkeologiske undersøkingar og andre tiltak har vi prøvd ut ulike måtar å formidle og utvikle ny kunnskap om postvegen på. Vi viser noko av det som er skapt, og deler erfaringar frå dei ulike tilnærmingane.
Meld deg på og følg oss på sosiale medium
Seminaret er gratis og digitalt. Meld deg på her: https://forms.gle/13UV8LgbCtsc5vDk6
Det fullstendige programmet blir lagt ut på denne sida rundt månadsskiftet oktober/november. Du får tilsendt Teams-lenke på e-post når seminaret nærmar seg.