Postvegen som grunnlag for nye opplevingar rundt Breimsvatnet

Torstein Kollevåg (til venstre) og Eivind Kandal ønskjer velkommen til arbeidsverkstad på Sølvane Gard.

Det lokale reiselivet på Skei og rundt Breimsvatnet vil bruke postvegen som utgangspunkt for å utvikle nye aktivitetar og opplevingar. Gjennom ein samskapingsprosess i regi av Nasjonalt postveiprosjekt har dei sett nye moglegheiter for å få meir til saman: for eigne verksemder, for tilreisande og for lokalbefolkninga. Dei ønskjer å skape nye opplevingar knytte til postvegen og kulturarven.

Samskaping av postvegen i Gloppen og Sunnfjord

Den tredje og siste arbeidsverkstaden i samskapingsprosessen vart gjennomført på Sølvane Gard i Kandal 25. august. Her driv Torstein Kollevåg og Eivind Kandal overnatting, matservering, konsertar og andre kulturarrangement. Garden er i seg sjølv eit døme på korleis lokale ressursar, kultur og reiseliv kan kombinerast og skape grunnlag for verdiskaping.

 Samlinga i Kandal markerte samtidig avslutninga på årets samskapingsprosess. Arbeidet har omfatta postvegen frå Skei og lokalsamfunna rundt Breimsvatnet, og har samla aktørar som ønskjer å utvikle området med postvegen som utgangspunkt.

 

Deltakarane på arbeidsverkstaden. Framme frå venstre: Anne-Grete Førde (Grendaslaget i Førs), Thalia Eide (Eidns gard), Solfrid Trå (Sunnfjord kommune), Birte Fossheim (Gloppen kommune), Torstein Kollevåg (Sølvane Gard) og Ruben Nesdal (Gordon Hotel). Bak frå venstre: Atle Lunde (Visit Jølster), Berit Vik (Vestland fylkeskommune), Vegard Sårheim (Visit Gloppen) og Kåre Åmot (Jølster Næringsforum og Grand Hotel Skei). Per Svein Reed og Hans-Martin Martinussen (Jølster Boat Tours) deltok også, men er ikkje med på biletet.

Reiselivsaktørane ser nye moglegheiter

Reiselivet har engasjert seg i arbeidet saman med lokale aktørar og kommunane. Blant dei som har delteke, er dei gamle skysstasjonane på Skei og Reed, som i dag er hotell. Gordon Hotel på Reed opna på nytt i år, med Ruben Nesdal som hotelldirektør. Ambisjonen er å gjenskape det gamle hotellet og bruke naturen og kulturhistoria i området som ein del av opplevingane hotellet tilbyr.

 På den siste samlinga vart erfaringane frå arbeidet så langt evaluerte, samtidig som deltakarane såg framover mot 2027. Dei vart einige om ei retning for det vidare samarbeidet og har peika ut ei rekkje aktivitetar dei ønskjer å arbeide vidare med. Eit mål er å arrangere ein Open dag våren 2027, med aktivitetar knytte til postvegen i dei ulike lokalsamfunna. Her kan både tilreisande og lokalbefolkninga bli betre kjende med postvegen gjennom aktivitetar og opplevingar langs ruta.

 

Frå idear til handling

Arbeidet er allereie godt i gang. I sommar vart det prøvd ut ei båtrute mellom Reed og Kandal. Båtruta viste korleis Breimsvatnet igjen kan bli ein del av ferdsla langs postvegen og knyte saman stadene og tilboda rundt vatnet. På sikt kan båten kombinerast med mellom anna vandring og sykling langs den gamle postvegen.

 Det er også sett i gang arbeid med betre skilting av postvegen og eit informasjonsskilt i Førs. Studentar frå Høgskulen i Volda skal denne hausten lage to filmar med utgangspunkt i postvegen og historiene langs han.

 

Vil utvikle området som ein heilskap

Eit viktig resultat av prosessen er at aktørane i større grad ser Skei, postvegen og lokalsamfunna rundt Breimsvatnet som delar av ein heilskap. Naturen, historia og den gamle ferdselsåra bind stadene saman, samtidig som kvar stad har sine eigne kvalitetar og tilbod.

 Moglegheita ligg i å knyte postvegen tettare til tilboda på dei enkelte stadene, og samtidig knyte stadene og tilboda tettare saman. Overnatting kan kombinerast med båtturar, vandring og sykling langs postvegen, mat, kultur og historieforteljing.

 Slik kan postvegen bidra til at besøkande får meir å oppleve og blir lenger i området. Samtidig kan nye aktivitetar gjere postvegen og historia meir synleg for dei som bur her. Kulturarven blir dermed ikkje berre noko ein tek vare på, men noko ein bruker som utgangspunkt for nye opplevingar, aktivitet og lokal verdiskaping.


Forrige
Forrige

Stort engasjement for postvegen

Neste
Neste

Ut på tur? Prøv Postvegen!