Ut på tur? Prøv Postvegen!

Utstillingsopning: 25. november kl. 13.00
Stad: Universitetsbiblioteket i Bergen, Haakon Sheteligs plass 7

Det nasjonale postvegprosjektet opnar 25. november ei ny utstilling om postvegen på Universitetsbiblioteket i Bergen. Utstillinga set søkjelyset på postvegstrekninga frå Bergen sentrum og nordover mot Eidsvåg, og er eit resultat av samskapingsprosessen i Bergen som starta i 2025 og har halde fram i år.

Vi håpar så mange som mogleg tek turen innom Universitetsbiblioteket for å sjå utstillinga. Har du høve, er du særleg velkomen til sjølve opninga 25. november kl. 13.00.

Om utstillinga

Det norske postvesenet vart etablert i 1647 for å sikre ein meir effektiv kommunikasjon mellom styresmakter, embetsmenn og lokalsamfunn. Frå Christiania, dagens Oslo, gjekk hovudrutene nordover til Trondheim, sørover mot Skien og seinare vidare til Kristiansand og Stavanger, og vestover til Bergen.

Men éin viktig forbindelse mangla. Skulle post sendast mellom Bergen og Trondheim, måtte han først innom Christiania. Dette gjorde postgangen både tidkrevjande og kostbar. For å løyse utfordringa starta arbeidet med Den trondhjemske postveg i 1780. Fem år seinare vedtok styresmaktene ei vekentleg postsamband mellom Trondheim og Bergen, som seinare vart forlenga til Stavanger.

Postvegen mellom Bergen og Trondheim var ei krevjande ferdselsåre på over 700 kilometer. Ruta kryssa fjordar, innsjøar, bratte fjellsider og høgfjellsområde. Postboda måtte bere tunge postsendingar over lange avstandar, ofte under krevjande forhold og med risiko for både ulykker, dyreangrep og postrøveri.

Vegen til byen

Denne utstillinga set søkjelyset på postvegstrekninga frå Bergen sentrum og nordover mot Eidsvåg. Traseen var ein viktig ferdselsveg lenge før han vart ein del av postvegnettet, men då Den trondhjemske postveg vart etablert, vart vegen utbetra og tilpassa den aukande trafikken.

I dag kan du framleis følgje store delar av den historiske ruta mellom Bergen og Eidsvåg til fots. Kanskje går den neste søndagsturen din langs spora etter ei av dei viktigaste samferdselsårene i Noreg?

Del av eit nasjonalt prosjekt

Utstillinga er ein del av Nasjonalt postvegprosjekt (2023–2026), ei satsing som skal revitalisere og synleggjere Den trondhjemske postveg som kulturminne. Målet er å auke kunnskapen om vegen og gjere han betre kjend både nasjonalt og internasjonalt.

Prosjektet er støtta av Riksantikvaren og blir gjennomført i samarbeid med Statens vegvesen og dei aktuelle fylkeskommunane.

Samarbeidspartnarar

Utstillinga er eit samarbeid mellom Universitetsbiblioteket i Bergen, Vestland fylkeskommune, Bergen kommune ved Bymiljøetaten og Byantikvaren, Bymuseet ved Regionalt pilegrimssenter Bergen, Den Norske Turistforening og Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) ved Universitetet i Bergen.

Neste
Neste

Planla nye arbeid på Postvegen