Planla nye arbeid på Postvegen

Deltakarar på arbeidsmøtet for Postvegen fekk sjå innom Peer Gynt Galleriet. Frå venstre Frank Ole Bonsaksen, Petter Hjørungdal, Inge Bjørdal, Ronny Ødegård, Willian Fagerheim, Petter Ringstad, Marie Kvalsnes Nygård, Hans Petter Pilskog, Idunn Eide Sanden, Andrine Gald Myklebust. Merete Løvoll Rønneberg og Magne Brekke var ikkje til stades då bildet vart teke. Foto: Fredrik Stadheim

Tekst: Fredrik Stadheim

Torsdag 3. september vart det halde eit møte på Hellesylt der nye utbetringar av postvegen frå Ljøkaia mot Ljøen stod på agendaen.

Postvegen frå Ljøen til Herdalen er no offisielt opna og ferdig restaurert, men ei strekning av vegen frå Ljøkaia til fylkesvegen på Ljøen står att. No er planen at også denne strekninga skal rustast opp, og torsdag 3. september vart det halde møte om dette på Hellesylt, det tredje planleggingsmøtet så langt.

På møtet i kyrjelydshuset på Hellesylt møtte personar frå grunneigarar, Stiftinga Den Trondhjemske Postveg, friviljuge organisasjonar i Stranda, frå stiftinga Geiranger Verdsarv, Sunnmøre Friluftsråd, Fylkeskommunen og Høgskulen i Volda.
Møtet vart leiar av Inge Bjørdal, leder av Storfjordens Venner, som opna og ønska alle vel møtt til møtet.

Etter ein kort presentasjonsrunde av deltakarane kom Willian Fagerheim frå Nasjonal Postvegsatsing /Mind the Gap inn på prosessen og satsinga på Nasjonale postvegprosjekt.

Deretter fekk fleire på møtet ordet med innlegg. Merete Rønneberg frå Geirangerfjorden Verdsarv snakka om Open dag og evaluering, Marie Kvalsnes Nygård frå Denne Stranda kom inn på kva betydning Postvegen hadde for lokalt næringsliv, og Adrian Gald Myklebust frå Høgskulen i Volda kom inn på korleis ein kunne bygge vidare på presentasjon av Postvegen gjennom bruk av film og foto. På slutten av møtet fortalde Magne Brekke kva betydning Postvegen hadde hatt for teatergruppa og Hellesylt Ungdomslag, og om erfaringar frå filmopptak som var gjort for få år sidan.

Frå møteleiar Inge Bjørdal har vi fått denne kommentar etter møtet;
-Den tredje arbeidsverkstaden markerte at samskapingsprosessen på Ljøbrekka har gått frå idear og planar til konkrete resultat. Eit høgdepunkt var open dag 30. august, der lokale aktørar saman skapte aktivitet og opplevingar langs postvegen.
Arrangementet viste kva som er mogleg når frivillige, næringsliv, grunneigarar og offentlege aktørar trekkjer i same retning. I løpet av året er det også utvikla nye turtilbod, produsert filmar og digital formidling, etablert fotoutstilling og gjennomført fleire tiltak som bidreg til å gjere postvegen meir tilgjengeleg og synleg. Arbeidet har samtidig skapt nye samband mellom aktørar som kan danna grunnlag for vidare utvikling av Ljøbrekka.

Om samskaping

Stranda, med strekninga Ljøen-Ljøbrekka–Herdalen er eit samskapingsprosjekt i regi av det nasjonale postvegprosjektet, saman med fire andre strekningar langs Den Trondhjemske postveg. Samskaping er langt på veg eit sjølvforklarande omgrep, men er ein prosess der offentlege aktørar, innbyggjarar, frivilligheit og næringsliv utviklar tenester og løysingar saman som likeverdige partnarar, i staden for at det offentlege lagar løysingar for folk åleine.

Over Ljøbrekka er det lagt ned både svært store offentlege ressursar i form av tilskot, men ikkje minst ein enorm og beundringsverdig frivillig innsats i form av arbeid og gåver.
Gjennomgangen viste at vi alt etter denne første prosjektperioden har oppnådd fleire gode resultat. Sjå ovanfor.

Film og informasjon på nett

Det er laga ein Kulmin-film med lokale aktørar av ei historie om ein postmann på Herdalen som måtte velje mellom å ta ut på den strabasiøse postomberinga over Ljøbrekka, eller å vere heime med ein kone som skulle føde. Filmen er no nesten premiereklar og vert då lagt ut på heimesidene til Den Trondhjemske postveg. På denne sida vil du sjå at det også er lagt ut ein god del informasjon om denne strekninga av postvegen.

Det er også laga ein film om det gamle handverket med å lage kisteveiter der Ljøen er nytta som innspelingsstad (location, som det heiter på fagspråket).

Fotoutstilling

Det er laga fotoutstilling av elevar ved Høgskulen i Volda som har fått plass på skulehuset på Ljøen.
Sjå her: https://www.postvei.no/foto

Turtilbod

Turen over Ljøbrekka som vart arrangert siste helg i august var også eit resultat av samskapinga.

Utedo på Ljøsetra

Den nye utedoen som no står ferdig på Ljøbrekka er ikkje eit direkte resultat av samskapinga. Her er det gitt støtte frå Miljødirektoratet. Men dette er eit godt døme på samskaping mellom ein frivillig organisasjon og ei bedrift (Ous & Emdal).

Det nye toalettet på Ljøsetra. Foto: Inge Bjørdal

Det er behov for enno meir tilrettelegging av toalettfasilitetar langs vegen, spesielt på Herdals-sida. Her har vi støtt på ein god del regulatoriske problemstillingar (avlaup, rasfare, eigarforhold), men Ljøbrekkas Venner arbeider for å få realisert også dette delprosjektet.

Alt dette er døme på ringverknader og lokal verdiskaping. Dette var utgangspunktet for satsinga heilt frå starten.

Vegen vidare i 2027

Den felles ambisjonen som er utvikla gjennom samskapingsprosessen, er at postvegen skal bidra til lokal utvikling og verdiskaping, samtidig som naturen, kulturhistoria og særpreget i området blir teke vare på. Deltakarane ønskjer meir bruk av området, men ikkje ei utvikling mot masseturisme.
Næringsutvikling må ta utgangspunkt i verdiane og kvalitetane som finst langs postvegen, og sjåast som ein del av utviklinga av lokalsamfunnet.

Denne ambisjonen skal liggje til grunn for måla og aktivitetane som skal utviklast vidare. Hausten skal brukast til å planleggje aktivitetane for neste år.

På arbeidsverkstaden var det allereie semje om å arrangere ein ny open dag, og det vart peika på behov for vidare fysisk tilrettelegging langs postvegen, mellom anna benkar, toalett og betre parkeringsløysingar -, avsluttar Inge Bjørdal.

Inge Bjørdal oppmodar folk i området om å kome med idear og innspel til den vidare utviklinga av postvegen. Det kan vere ønske om nye aktivitetar og tilbod, forslag til betre tilrettelegging eller idear frå lokalt næringsliv om korleis postvegen kan bidra til lokal verdiskaping. Innspel kan sendast til leiaren i Ljøbrekkas Vener, Petter Hjørungdal.

Fekk sjå kunst i Peer Gynt galleriet

Under ein pause på møtet fekk deltakarane også sjå innom Peer Gynt Galleriet på Hellesylt der dei anerkjente og mykje omtala bileta, utskore i tre frå scener i Peer Gynt av den avdøde kunstnaren Oddvin Parr er utstilt. Det imponerte mange.

Her ser vi ein del av treskurdbileta etter Oddvin Parr i Peer Gynt Galleriet. Foto: Fredrik Stadheim

Forrige
Forrige

Ut på tur? Prøv Postvegen!

Neste
Neste

På sporet av postvegen