På sporet av postvegen

Odd Kleveland Dahl , Berit Vik og Birthe Stenhjem er på sporet av postvegen gjennom Bergen. Foto: Høgskulen i Volda

Tekst: Rebecca Nedregotten Strand

–  Her er utfordringa at det har kome bygg.

Berit Vik peikar på eit fleire hundre meter langt murbygg i Sandviken i Bergen. Ho er seniorrådgjevar i Vestland fylkeskommune og jaktar på Den trondhjemske postvei.

–   Postvegen gjekk i si tid rett gjennom, fortel Vik.

Å finne det gamle vegfaret er ei utfordring. Spesielt i ein bydel der husa står mykje tettare i dag enn for 240 år sidan.

I 1785 vart det vedteke ved kongeleg resolusjon at det skulle byggast ein veg som batt Vestlandet saman. Med Nasjonalt postvegprosjekt, eit samarbeid mellom Vegvesenet og fylkeskommunane Vestland, Møre og Romsdal og Trøndelag, får traseen som postmannen ein gong fylgde sårt tiltrengt merksemd att.

Tenk som ein fotturist

-  Ein må tenke begge retningar samstundes, seier Jan Robert Brandsdal. Byfjellsforvaltaren i Bergen prøver å gå inn i rolla som fotturist når han skal bestemme kvar skilta som viser postvegtraseen skal stå. Ein må finne fram uansett om ein fylgjer postvegen frå sør til nord, eller omvendt.

Jan Robert Brandsdal, byfjellsforvalter i Bergen, vurderer kvar postvegskilta bør stå. Foto: Høgskulen i Volda

I juni gjekk Brandsdal, Vik og dei andre deltakarane i samskapingsgruppa for Nasjonalt postvegprosjekt i Bergen frå Mariakirken til Sandviken for å lage ein skiltplan. Ein slik tur i postbodets fotsport er mangfaldig og full av kontrastar.

Birthe Stenhjem, rådgjevar i Bergen kommune, stoppar opp framfor eit kvitt hus i den idylliske Steinkjellergaten. Her låg det ein gong eit bordell. Men det er lenge sidan dei såkalla «falne kvinnene» vandra på denne brusteinen.

–  Dei siste bordella stengde for godt i 1875, fortel Stenhjem.

Ei gate for støyande verksemd

Ein katt fylgjer samskapingsgruppa med skarpt blikk når dei beveger seg gjennom Ladegårdsgaten. I dag ligg gata sentralt i Bergen, men dette var byens utkant då postvegen var i bruk.

–  Dette var randsonen, seier Odd Kleveland Dahl. Han peikar engasjert med paraplyen og fortel om spor etter mange historiske bedrifter i området.

Hit flytta handverkarane bedriftene sine. Dei hadde jernstøyperi, dreiv med lakk og anna som lukta og bråka. Spora etter dei kan ein framleis finne i husa her.

Nedgangen til helvete

Lenger framme stoppar gruppa opp ved ein heilt spesiell minnestein og eit svart hol i bakken. «Mareminnehollet» er berykta i Bergen. Skumle ting kan hende dersom ein vågar seg ned der. Det gjorde Niels Klim i Ludvig Holbergs (1684-1754) kjende roman «Niels Klims underjordiske reise». Ingen av dei som vandrar postvegen i dag vågar seg ned, dei må vidare.

Her er det berykta Mareminehollet frå Holbergs roman «Niels Klims underjordiske reise». Foto: Høgskulen i Volda

Turen nærmar seg slutten og Berit Vik ser utover den moderne bydelen som Sandviken har blitt. Ho ser fram til å bidra til at fleire får auga opp får det heilt spesielle kulturminnet som er midt i blant dei.

–  At postvegen framleis er som ein identitesmarkør gjennom her, er fint å tenke på.

Forrige
Forrige

Planla nye arbeid på Postvegen

Neste
Neste

Postvegen over Ørskogfjellet: Nye undersøkelser gir bedre innsikt i 1700-tallets veibygging