Open dag på postvegen i Ljøbrekka 30. august
Petter Hjørungdal formidlar historia om den nyrenoverte postvegen over Ljøbrekka ved opninga 13. august 2023. Foto: Svein Lunde.
Søndag 30. august blir det Open dag på postvegen i Ljøbrekka. Arrangementet er eit resultat av samskapingsprosessen over Ljøen og inviterer både små og store til å oppleve postvegen, historia og landskapet.
Dagen startar med skyttelbuss frå Ljøen til Herdalen. Herfrå kan ein delta i Postmarsjen over Ljøbrekka eller bli med på historisk vandring med Petter Hjørungdal. Postmarsjen er ein natursti for små og store undervegs, med diplom til alle som fullfører.
Frå kl. 13.00 samlast aktivitetane ved Ljøen Amfi. Her blir det mellom anna fotoutstilling frå Høgskulen i Volda, skattejakt for barn, musikk og sal av rjomegraut. Arrangementet er utvikla i samarbeid mellom lokale aktørar gjennom samskapingsprosessen, og er eit godt døme på korleis postvegen kan takast i bruk som møteplass, kulturmiljø og ressurs for lokalsamfunnet.