Stor oppslutnad om turmarsj
Mange tok del i turmarsjen frå Herdal til Ljøen søndag. Her ved vatnet i Herdalen. Foto: Fredrik Stadheim
Tekst: Fredrik Stadheim
Ljøbrekkas Vener gjennomførte søndag tur over Ljøbrekka. Om lag 70 personar deltok i marsjen som starta på Herdalen og enda ved amfiet på Ljøen.
Det vart stor oppslutnad om turmarsjen over Ljøbrekka til amfiet på Ljøen søndag.
Turen starta på Herdalen der Inge Bjørdal ønska alle velkomen til turopplevinga. Der vart også om ei stille stund avhalde til ære for Hans Majestet Kong Harald V som døde fredag 28. august.
Petter Hjørungdal hadde lagt inn orienteringar om postvegen og arbeidet til Ljøbrekkas Vener på mange punkt langs ruta over fjellet frå Herdalen. Han framførte også ein kortversjon på amfiet på Ljøen for dei som kom direkte dit seinare på dag.
Bygdekvinnelaget serverte rjomegraut med alt tilhøyrande. Spekematen var sponsa frå Stranda Spekemat/Grilstad.
På Ljøen fekk alle som ville kjøpe seg rjomegraut som Sunnylven bygdekvinnelag serverte. Foto: Fredrik Stadheim
På Ljøen stilte familien Bonsaksen garden og amfiet til disposisjon for arrangementet. I tillegg gav dei eit flott saueskinn som vart trekt ut som gevinst mellom dei som var med og fullførte marsjen. Og alle som var med på turmarsjen får eit flott diplom.
Mykje anne positivt skjedde også på turen og under samlinga på Ljøen. Mellom anna var det lagt inn ein tursti der folk kunne krysse av svar på postar lagt ut langs heile ruta. Det var også laga konkurransar for barn og vaksne, og vinnarane vart premierte.
Arrangementet er ein del av det såkalla samskapingsprosjekt i regi av Den Trondhjemske postveg i følgje lokal koordinator Inge Bjørdal. Han seier at dette er eit eksempel på det som er definert som eit viktig mål for prosjektet: – å få til næringsutvikling, verdiskaping og lokale ringverknader med utgangspunkt i kulturverdiar – her ved hjelp av det smykket postevegstrekninga representerer for Stranda.
Her i det gamle skulehuset på Ljøen. Foto: Fredrik Stadheim
Rebecca Nedregotten, Stranda og frå Høgskulen i Volda hadde laga ei flott fotoutstilling på det gamle skulehuset på Ljøen, også det verd eit besøk, tykte mange.
Bjørdal gjer merksam på at han har sendt inn søknad på utbetring av den resterande delen av strekning – nemleg frå utsiktspunktet til Ljøkaia/Naustberget. Det er løyvd pengar til dette. Organiseringa er lagt til Verdsarvstiftinga v/Merete Rønneberg.
Når denne strekninga er oppgradert vil ein ha ein samanhengande postveg frå Ljøkaia til Herdalen.
Turmarsjen frå Herdalen til Ljøen søndag 30 august, og samlinga ved Amfiet på Ljøen etterpå vart ei vellukka tilstelling. Inge Bjørdal avsluttar med å seie at Ljøbrekkas Vener vurderer å etablere denne marsjen som eit årleg arrangement.